Description
Vil du jobbe med forvalting av VA-nettet i Alver kommune?
VA-Ingeniør - 100 % fast
Kort om stillinga
Vil du vere med å bygge opp VA-nettet i Alver kommune? Avdeling for veg, samferdsel og VA har behov for ein VA-ingeniør som kan bli med på laget som forvaltar vatn- og avløpsnettet i kommunen. Du vil inngå i eit team som har ansvaret for å kontinuerleg oppgradere, utvide, og vedlikehalde VA-nettet, og du vil heile tida få utfordra deg på fleire store og små prosjekt som må planleggast og realiserast.
Om Veg, samferdsle og VA
Vatn- og avløpsforvaltning har ansvaret for eit stort leidningsnett liggande i landskap med varierande topografi. Det gjer at vi må ha omsyn for mange forskjellige situasjonar, og du vil få jobbe med eit vidt spenn av ulike prosjekt. Dei pågåande prosjekta du vil hoppe rett inn i er planlegging av reservevassforsyning til deler av kommunen, fullføring av temaplan for VA som fastsett rammene avdelinga skal jobbe innanfor dei neste 10 åra, og komme inn i sluttfasen av planlegginga av nytt reinseanlegg i Knarvik.
Som ingeniør i VA forvaltning vil du vere inne i private utbyggingsprosessar i kommunen, og følgje opp at tekniske planar held dei ingeniørmessige krava som gjeld. Samtidig vil du ha tett samarbeid og oppfølging av entreprenørar som gjennomfører utbygging på VA nettet i kommunen. Det fordrar synfaringar ute i felt som gjer at du ikkje alltid sitt inne på kontoret. Hjå oss vil du få ein variert arbeidskvardag, og det vil heile tida vere noko nytt og spennande å ta fatt i.
Arbeidsoppgåver i stillinga
- Kvalitetssikring av utbyggingsprosessar
- Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar VA
- Prosjekt – planlegging av større og mindre investeringsprosjekt
- Planarbeid (temaplanar, vedlikehaldsplanar mm.)
- Kontroll og oppfølging med utbyggjarar, både administrativt og ute på byggeplass
- Ansvar for sakshandsaming og vedtak knytt til VA-faget
- Private utbyggingar og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
Ønskt kompetanse
- Ingeniørutdanning. Relevant erfaring vil bli vektlagt, og kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med VA-tekniske løysingar
- Erfaring innan utbygging og planlegging av kommunal infrastruktur
- Oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagt og utført arbeid
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Erfaring frå konsulentbransje
Personlege eigenskaper
- Du er engasjert og sjølvgåande
- Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Du har eit godt humør
- Du bidrar til godt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og på tvers av fagområde
- Personlig egnethet vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
- Du vil få fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Heimekontor etter avtale
- Tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.