Vil du arbeide med vassforvaltning i Vestland?

Vestland fylkeskommune
Published
31. juli 2024
Location
Leikanger eller Bergen, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

Vi søker ein dyktig medarbeidar som har lyst til å vere med og forvalte vassressursane våre i Vestland. Dette er eit 2-årig vikariat/engasjement med kontorstad Leikanger eller Bergen. For særleg godt kvalifiserte kandidatar kan vi opne for kontorstad også andre stadar der vi har kontorstad for våre fagfolk. Stillinga er lagt til seksjon for naturressursar, landbruk ogreiseliv og inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. I seksjonen arbeider vi med vassforvaltning, landbruk, marin sektor, reiseliv, vilt og mineral og lokalsamfunnsutvikling. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.Målet med arbeidet innan vassforvaltning er å beskytte miljøtilstanden i vassdraga våre, i grunnvatnet, i fjordaneog langs kysten. Ei god arealplanlegging er viktig for å nå målet omgod tilstand i alt vatn.Vestland har ein regional plan forvassforvaltning for 2022-2027 som skal følgjast opp og oppdaterast.Arbeidsoppgåver

Det første året er eit vikariat der vår nye medarbeidar hovudsakleg vil arbeide som rådgjevar/saksbehandlar med desse oppgåvene:

  • koordinere vassmiljøfaglege innspel til kommunale planar
  • koordinere inngrepssakar i vassdrag og sjø
  • utarbeide innspel til ureiningssaker
  • bidra til oppfølgjing og oppdatering av den regionale planen for vassforvaltning
  • arbeide med å utvikle gode samarbeidsmåtar innan fagfeltet
  • arbeide med samlingar og formidle informasjon og kunnskap innan fagområdet

Det andre året vil vår nye rådgjevar arbeide med prosjektretta oppgåver innan vassmiljø, der arbeid inn mot akvakultur også vil inngå.

Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og kontakt med kommunar, Statsforvaltaren og andre statlege etatar, lag og organisasjonar.

Kvalifikasjonar

Vi ser primært etter ein person med god kunnskap om vassmiljø og planfag. Høgare utdanning på mastergradnivå innan naturvitskaplege fag med god kunnskap om planfag, eller høgare utdanning innan planfag med god kunnskap om naturvitskaplege fag er ønskeleg. Kravet til utdanning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.

Det er ein fordel med:

  • kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med arbeid innanfor fagområda vassforvaltning og plan
  • kunnskap om plan- og bygningslova og vassforskrifta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
  • Evne til å ta initiativ og ansvar - og arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Utviklingsretta og løysingsorientert
  • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

 

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Vil du arbeide med vassforvaltning i Vestland?
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/