Planleggar, 100% fast stilling

Osterøy kommune
Published
31. juli 2024
Location
Osterøy, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

Osterøy kommune Teknisk forvalting og plan

 

Planleggar, 100% fast stilling

Er du på jakt etter;

Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar?

Løn etter avtale og fleksibel arbeidstid?

I tillegg ei IA-bedrift med offentleg tenestepensjon

 

Osterøy kommune, ei av Nord-Europas største innlandsøyer har no ledig ein fast 100% stilling som planleggjar med oppstart etter avtale.

Stillinga er lokalisert på rådhuset i Lonevåg, og anten du bur på Osterøy eller på fastlandet er Lonevåg aldri langt unna. Frå Åsane brukar du ein snau halvtime og frå Arna er du framme på om lag 20 minutt med bil. Og køen går motsatt veg - både til og frå jobb! Om du nyttar Osterøybrua frå Arna eller om du nyttar ferjesambandet på Valestrand er opp til deg, her er moglegheitane mange.

Om du er den rette vert du ein av tre tilsette på planavdelinga, ei utviklingsorientert og strategisk avdeling i kommunen.

Kort om stillinga
Osterøy kommune står framfor ei utfordrande og spanande utvikling og sektor for samfunnsutvikling søkjer derfor etter ein dyktig og engasjert planleggar til planavdelinga. Avdelinga sitt ansvarsområde omfattar mellom anna overordna planarbeid, handsaming av private reguleringsforslag, utarbeiding og oppfølging av offentlege planar mm. Vi jobbar tett på innbyggjarar, private aktørar, organisasjons- og næringsliv og folkevalde.

 

Arbeidsoppgåver
Stillinga vil gje moglegheiter til å arbeide med eit breitt felt av oppgåver som arbeid med reguleringsplanar og kommunale planar. Sentrale oppgåver vil vere dialog og samarbeid med private aktørar og deira konsulentar for å fremje planforslag til politisk handsaming, samt arbeid knytt til kommunale planar.

Som planleggjar vil du medverke til å gjere Osterøy til ein god kommune til å bu og arbeide i, og til å gjere kommunen til ein berekraftig kommune. Vi søkjer deg som vil bruke deg sjølv og kompetansen din til å arbeide med dette og som vil være med på å utvikle Osterøy kommune vidare.

Kompetanse
Me ønskjer deg som har planfagleg kompetanse og interesse for å arbeide med planfaglege tema. Du vil truleg få arbeidsoppgåver  innan både fysisk og samfunnsretta planlegging.

Me tenkjer du er utdanna planleggar, arkitekt, geograf eller samfunnsvitar på minimum bachelor nivå, men også deg med annan relevant fagleg bakgrunn kan søkje.

Me ser helst at du har nokre års erfaring frå privat eller offentleg verksemd, men også nyutdanna kan søke.

Erfaring frå prosjekt- og prosessarbeid er ønskjeleg

Erfaring frå sakshandsaming av planar og god kjennskap til plan- og bygningslova er ønskjeleg

Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Grunnleggande kjennskap til IT- og kartverktøy

Vi ser etter deg med personlege eigenskapar som:

Er serviceorientert og har eit godt kundefokus

Er engasjert og har gjennomføringsevne

Er løysingsorientert og strukturert

Er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

 

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Planleggar, 100% fast stilling
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/