Prosjektleiar – vatn og avløp

Sogndal kommune
Published
5. august 2024
Location
Sogndal, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

 

Ønskjer du ein spanande jobb innan eit viktig arbeidsfelt? Er du den prosjektleiaren Sogndal kommune treng?

Me har ledig 100% fast stilling som prosjektleiar ved tenesteområdet vatn og avløp.

Tenesta har ansvaret for utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg i heile Sogndal kommune. Tenesta består per dato av 10 tilsette og har ansvaret for drift og vedlikehald av fire større vassverk og fem større reinseanlegg, med tilhøyrande røyrnett og anna infrastruktur. Vår innsats syt for reint vatn i kranane til innbyggarane i kommunen, og sikrar at avløpet blir handtert forsvarleg. Tenesta har i tillegg rolle som fagkyndig innan teknisk infrastruktur opp mot plan og forvaltning i kommunen. I hovudplanen for drikkevatn og framtidig hovudplan for avløp er det avdekka/venta at arbeidsmengda innan prosjekt vil gå markant opp i åra som kjem. Me utvidar difor staben vår med nye prosjektleiarar.

Rolla som prosjektleiar inneber fylgjande:
Prosjektleiing og oppfølging av vatn- og avløpsprosjekt.
Budsjetthandsaming og økonomisk oppfølging av prosjekt.
Byggeleiing og tett samarbeid med entreprenørar.
Delta i planlegging og gjennomføring av driftsprosjekt.
Teknisk rådgjeving og bistand til interne og eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar:
Ingeniørutdanning.
Førarkort klasse B. Det er ønskjeleg med førarkort BE.
Det er ønskjeleg at du kan vise til referanseprosjekt som prosjektleiar og har erfaring innan området.
Erfaring innan budsjettering og rapportering er ein fordel.
God kjennskap til NS 3420, NS 8406 og NS 8407 er ein fordel.
Gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg. At du er stødig i skriftleg nynorsk er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar:
Du identifiserer utfordringar og legg fram forslag til løysingar på eige initiativ.
Du er villig til å løyse utfordringar i lag med andre og på ulike måtar.
Du arbeider sjølvstendig, målretta og er tydleg i kommunikasjonen.
Du arbeider systematisk med større problemstilingar.
Du evnar å tilpasse deg arbeidsoppgåvene som må gjennomførast.

Me tilbyr
Variert arbeid både inne og ute.
Godt arbeidsmiljø med høve til å påverke, og gode høve for vidareutvikling.
Fleksibel arbeidstid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Lønn etter avtale.
Nynorsk som arbeidsspråk.
Trening for tilsette i Sogndal kommune.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon, ta gjerne direkte kontakt med Gjert Aaberge Dahl som er vår tenesteleiar innan vatn og avløp.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Om arbeidsgiveren
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

 

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Prosjektleiar – vatn og avløp
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/