Seksjonsleiar Vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon

Helse Bergen HF
Published
9. januar 2023
Location
Bergen, Norway
Category
Leder  
Job Type
Heltid  

Description

Seksjonsleiar Vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon

Teknisk avdeling, Helse Bergen

Teknisk avdeling søker ein medarbeidar som vil vere med å modernisere den tekniske drifta av sjukehuset. Seksjon for vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon/ dokumentasjon er ein nyoppretta seksjon som vil ha ansvar for å vidareutvikle arbeidsprosessane for Teknisk avdeling, sikre etterleving av desse og styrke den faglege støtta til drift- og vedlikehaldsavdelingane.

Effektiv vedlikehaldsstyring og god dokument kontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og skal gjennom eit systematisk forbetringsarbeid oppnå denne ambisjonen.

Ny leiar, vil saman med dei tilsette i seksjonen, få ansvaret for at vi lykkast med dette arbeidet. Vi har i dag et FDVU-system som vi er i prosess med å utvikle/forbetre og vi er i startfasen med å etablere eit planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til prosjektaktivitetane våre.

Bygningsmassen i Helse Bergen er på om lag 500.000 m2. Teknisk avdeling skal overta det nye Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland i løpet av 2023. Dette er eit hypermoderne sjukehusbygg med alt av ny teknologi innan sjukehusdrift. Bygget og anlegga er fulldigitalisert og skal gjennom eit systematisk arbeid integrerast i den øvrige drifta av sjukehuset vårt. Sjukehuset er også i startfasen med oppgradering av sentralblokka på Haukeland og her vil det vere eit grensesnitt mellom normal drift av sjukehuset og ulike prosjektarbeid i mange år framover.

Denne driftssituasjonen med mange ulike grensesnitt mellom drift og prosjekt vil kreve mykje av Teknisk avdeling for å sikre ein trygg og stabil drift av dei tekniske anlegga våre.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde. Avdelinga har drifts- og vedlikehaldsoppgåver i forhold til ei rekke avdelingsvise produksjonsutstyr, og avdelinga yter også ulike former for service som ikkje direkte høyrer under drift- og vedlikehald av bygning eller utstyr.

Teknisk avdeling si leiing er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dei tilsette er i hovudsak lokalisert på Haukeland, men ca 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Teknisk avdeling ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass, og som igjen er med på å gje ei best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du moglegheit til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.

Haukeland universitetssjukehus skal ha miljøbevisste medarbeidarar og vi skal arbeide for å redusere utslipp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Vi skal òg arbeide for å redusere miljø- og klimapåverknaden gjennom gode anskaffingsprosessar og vi skal bidra til å redusere forbruket av naturressursane.

Arbeidsoppgåver
  • Leie og vidareutvikle dei tilsette i seksjonen
  • Kartlegge og vidareutvikle arbeidsprosessar for vedlikehaldsstyring
  • Kartlegge og vidareutvikle arbeidsprosessar for dokumentasjonskontroll
  • Sikre fagleg kvalitet for dokumentasjonskontroll
  • Etablere operasjonsplan for avdelinga
    • Driftsoppgåver
    • Vedlikehaldsoppgåver
    • Prosjektoppgåver
  • Saman med einingsleiar etablere ein samhandlingsarena for våre fagingeniørar på tvers av seksjonar
  • Saman med einingsleiar vidareutvikle samhandlinga med sjukehusets prosjektavdeling for etablering av eit felles planverk for sjukehuset
Kvalifikasjonar
  • Vi søker etter ein medarbeidar med lang erfaring i bruk og utvikling av arbeidsprossessar og som likar å arbeida med menneske
  • Utdanning på mastergradsnivå, eventuelt kan bachelorgrad vurderast
  • Omfattande og dokumentert leiarerfaring og oppnådde resultat som leiar kan kompensere for formalkrav knytt til utdanning
  • Søkar må ha god kjennskap til og erfaring i bruk av moderne IT-verktøy
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Prosjekterfaring kan vere ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du har strategiske eigenskapar som bidrar til å styrke og vidareutvikle avdelinga som ein serviceinnstilt og effektiv tenesteytar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Evner å arbeide sjølvstendig i et tverrfagleg miljø
Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Personalbarnehage
  • Introduksjonskurs

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sophie Dedekam Kryvi
Einingsleiar
92038044
Sjur Brandtun
Avdelingssjef

95273062

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søknadsfrist:
06.02.2023
Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Seksjonsleiar Vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/