Tenesteleiar – Plan,  byggesak og oppmåling

Ørsta kommune
Published
2. august 2024
Location
Ørsta, Norway
Category
Leder  
Job Type
Heltid  

Description

Hjartet_banner

Tenesteleiar - Plan,  byggesak og oppmåling Teknisk, eigedom og landbruk

Om stillinga

Vi har frå 01.05.23 ledig stilling som Tenesteleiar Plan, byggesak og oppmåling.
Stillinga ligg i kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk, med kommunalsjefen som næraste leiar.  Tenesteområdet inneheld plan, oppmåling, byggesak og miljø.

Som del av kommunalsjefen si leiargruppe vil du vere ein viktig deltakar i det strategiske arbeidet for kommunalområdet.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåve og mynde vil verte nærare definert i delegering frå kommunalsjefen og i samsvar med " Leiarnivå" for Ørsta kommune.

Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Som tenesteleiar vil du ha det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for tenesteområdet.

Som tenesteleiar evnar du å leie eit område som stadig er i endring. Du er ein samlande, inkluderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft.

Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt verktøy.

  • Vi ønskjer at du:
    er ein sterk og tydeleg leiar som evnar å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet til innbyggjarane gjennom samla innsats
  • skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
  • medverkar til eit godt partssamarbeid, spesielt gjennom arbeidet i GNEIST-gruppa
  • har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
  • har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad og vidareutdanning innan leiing. Ved manglande formell utdanning i leiing vil relevant erfaring kunne kompensere for dette kravet, men det vil bli sett krav om at det vert teke innan ein 3- års periode etter tilsetting.
  • Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til tenesteområdet sine ansvarsområde
  • Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, samt relevant digital
  • kompetanseKommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk

Personlege eigenskapar

       Personlege eigenskapar vil saman med referansar bli vektlagt i ei heilskapsvurdering

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø  med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling  med formål å gje ein bedre og meir effektiv tenesteproduksjon
  • Deltaking i interne leiarutviklingsprosessar
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju
Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk. Prøvetid 6 mnd, der fråvær går til fråtrekk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kart


Kontaktinformasjon

 

Om arbeidsgivaren
Ørsta kommune er med om lag 10 800 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

 

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Bilde nederst Ørsta
Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Tenesteleiar – Plan,  byggesak og oppmåling
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/